19. mai 2012    Logg inn
--- Julebrev 2008 ---
Kjære vener!

Sjå kor fint det var i Fjærland i sommar! Vi kom ikkje dit før etter stengetid, så bokbyen såg vi berre på utsida, før vi fortsette mot Briksdalen.

Vi fem i Mou – ja seks og faktisk sju er vi og denne midtvinteren – vil gjerne ønske dykk ei gledeleg jul! Kven er desse sju? Jo – det er:

Bjarke, 6 år og skolegut i ”børnehaveklasse”, eller 0. klasse, som er parallellen til den norske førsteklassen. Bjarke syklar til skolen i lag med mor eller far kvar dag. Det er berre 350 meter dit. Dei er så mange at klassen er delt i to grupper – dei ”søde” og dei ”rare” – to danske synonym for ”snille”. Dei to gruppene har kvart sitt klasserom og kvar sin lærar, men er mykje i lag óg. Som namnet tyder på, er starten i børnehaveklassen ganske mjuk, og dei har god tid til å leike seg inn i skolelivet. Bjarke gledde seg svært til å starte i skolen, og lærer bokstavar og tal. Men enno er det Halfdan som er bestekamerat. Daglegspråket har vorte dansk, men Bjarke snakkar stadig godt norsk – på oppfordring. Attåt skolen er Bjarke med i speidarane i Mou  , i lag med mor og søskena, og han går på gymnastikk (turn) i Mouhallen ein gong i veka.

 

Halfdan er 9 og går i tredje klasse (norsk fjerde). Han har vorte lesehest, og sluker bøker, men helst etter leggetid og før han står opp i helga. Han er glad i datamaskina og TVen, men er og fysisk aktiv – han er ein av dei mest uthaldande på skolen i lange løp på sykkel og på føtene. Og så er han flink til å stå på Waveboard – eit nytt slags rullebrett med fleksibel lengdeaksling og berre to hjul. Halfdan er også gymnast og speidar. Her om dagen kom han heim frå skolen og hadde stupt kråke 243 gonger i lag med kameraten Andreas – dei skulle sjå kven som kunne ta flest. Det vart visst uavgjort. Halfdan er interessert i matematikk og logikk, og er kjapp i replikken. Han arresterer deg med glimt i auga, dersom logikken ikkje held. Halfdan spela Josef i tredjeklassen sitt krubbe-tablåspel, med sikker solosong. Og så har han byrja med å spele gitar i den kommunale musikkskolen, og er snar til å lære grep og skifte mellom dei.

 

Fride er 12, sjetteklassing (norsk sjuande). Ho likar å møblere om rommet sitt, og å danse, spele og synge. Då skolefritidsordninga hadde stor sirkusframsyning i haust, song Fride solo i det store opningsnummeret. Klassen til Fride sette opp ei kortutgåve av musicalen Grease seinare i haust, då hadde Fride rollen som Frenchie. Det var eit stort prosjekt for elevar og lærarar. Ho speler og i musikkskolen, og byter litt mellom gitar og piano der. Fride er som brørne glad i å gå på skolen, og har mange vener mellom elevar og lærarar der. Ho er ein av to elevrådsrepresentantar frå klassen sin, og tok det som ei stor ære då klassen valde henne. Ho er den yngste i klassen sin, dei andre er fødde året før. Så går ho på speidar og gymnastikk som brørne, og får tid til skolekoret og. No rett før jul var Mormor og Morfar med oss i konserthuset i Aalborg  og høyrde Fride i lag med 360 andre skolekorsongarar og Aalborg symfoniorkester. Det er andre året ho var med på det.

 

Hanne og Sveinung brukar mykje av tida på arbeid, og har nok begge litt mindre fri enn mange andre. Men ein del av arbeidet blir gjort heime, og slik blir det fleksibelt nok til at kvardagen heng i hop på eit vis. Hanne syng óg i kor, eit kammerkor med flinke songarar som heiter Al Dente , og er glad i det. Det er tiltak på gong i prostiet for å eksperimentere seg fram til 5 dagars arbeidsveke – det er vi forventningsfulle til (det er 6 dagar i dag), og kanskje til og med ei frihelg i månaden (6 frihelger i året i dag). 2. sundag i advent var Dokkedal Kirke og Hanne vertskap for radiogudstenesta i DR. Vi gler oss og til fin nyopning, med biskop og stive kragar, av Mou Kirke  , som har vore stengt det siste året for stor og grundig oppussing innvendig – den har vorte veldig fin, og opnar 11. januar. Hanne er også leiar for dei minste speidarane - bæverne - i speidergruppa i Mou .

Sveinung arbeider i Norsk Navigasjon , mest med autostyring av store landbruksmaskiner. Han har fått kontor på NOVI, ein næringspark på campus hos Aalborg universitet. Det deler han noko av tida med ein ny kollega, ein ung student. Sveinung reiser litt med jobben, og slik fekk han høve til ein kort stopp innom slekt i Minnesota i januar. Stephanie og Nancy tok vel imot meg, og eg fekk besøke St. Olaf College, der Nancy underviser på norskinstituttet. Vi reiste og til den flotte hytta til Cynthia og Kit, og til Lake Superior, stor og kald!

Vi to vaksne har funne ein herleg hobby ilag – vi går og danser salsa , kvar måndag og torsdag vi får tid. Det får vi til nesten ein gong annakvar veke, og det er veldig artig. Dei fleste andre på kurskveldane er i studentalder, men det let vi oss ikkje merke med! Det skal vi fortsette med i det nye året.

 

Forutan ein herleg tur med dansk og svensk familie til Astrid Lindgrens Värld  i Vimmerby i vår, har vi lagt feriane til Norge i år – familiehytta på Høvringen  påske-, sommar- og haustferie. Men sommarferien starta med ein vri - først var vi på slektstemne på mormor Ellen si side i Nyborg på Fyn. Niels Ole og Inge-Lise inviterte den store flokken. Så segla vi Hanstholm-Bergen, og gjorde Vestlandet, før vi fekk med oss slektstreff på Holingaunet, heimgarden til farfar Asbjørn, og barnedåpen til Ingrid og Bjørnar sin Eivind. Hanne var stolt Gudmor. Deretter til Høvringen altså, der vi fekk vere med på å gjere annekset (kårhuset) på familihytta Høgvin stort sett ferdig. 

I haustferien var det gjester frå Danmark som fekk innvie nyhytta, då vi hadde med Keld og Anne-Marie med gutane og Charlotte med jentene. Vi hadde ein fantastisk fin tur, triveleg lag og flott haustver. Ferien låg for seint for dei aller finaste fargane, men det var fint likevel. Vi gjekk på bålturar i alle retningar, og på fisketur til Horrtjønnin. Vi siktar på Høvringen igjen i vinterferien, i lag med Mette og gutane frå Nykøbing og Brita, Per Tore, gutar og hundar frå Bø.

I haust fekk vi vere med på barnedåp i Sverige – vesle Loke, som har sju eldre sysken, vart døypt i ei triveleg, spontan og relativt uformell dåpsgudsteneste i Varnums Kyrka ved Nitta. Sveinung bar til dåpen –under protestar frå hovudpersonen og med tett støtte frå Ulrika. Niels, Ulrika og dei seks ungane dei har til dagleg flytta i tida omkring barnedåpen inn i eit anna og mykje større hus, og er glade for det. Som de skjøner, har dei bruk for plass.
Ja  – men kven er nummer seks og sju? Jo – nummer seks er hankatten Sitrus, halvanna år gammal, som ser ut til å trivast hos oss. Han gjer akkurat som han sjøl vil, og er trulig ikkje mykje til musejeger, men han leverer spissmus til matmor av og til. Nummer sju er pensjonatgjesten Oscar – ei lita grøn papegøye som vi passar for vener som er på langt vintereventyr i Kiruna. Oscar har besøkt oss før, og går godt i lag med oss seks andre. Han kan mange korte fraser, og høyrer han noko han likar på radioen, så plystrer han underlege melodibitar. Han kan og skråle fælt – då manglar han å få litt oppvarting og kontakt.

 

Jula feirer vi i lag med den danske familien, i år hos Mette i Nykøbing. Hanne har bytta bort juledagen, men skal pendle litt til heimsoknet elles. I dag har vi henta juletre i Tøving, Bjarke og Halfdan felte treet, og Bjarke saga mest.

 

Vintersport driv vi og med! Rett nok må vi innomhus for å få det til, men vi boltra oss på skeiser på øvingsbanen til hockeyklubben her i advent. Artig! Bjarke debuterte med pågangsmot og rask framgang!

Vi vil slutte av med å ønske alle velkommen innom Mou på besøk, sommar og vinter. Som dei seier, det er dejlig å være norsk i Danmark. Vi er tett ved fergehavnene, Aalborg og motorvegen, og har både senger og plass til telt og campingvogn. Strender og natur har vi og. Velkommen i det nye året! (tips til satelittkartet - dobbelklikk med venstre museknapp for å zoome inn - høgre for å zoome ut).


Vis stort kort

Sjå også sida "Kontakt" i menyen på toppen, dersom du har lyst til å treffe oss!

Gledeleg jul og godt nytt år frå oss i Mou!

    Julebrev 2008 Kontakt
Copyright 2006 by skjesol.net    Uttalelse om privatliv